Om oss

Gardshotell i Gudbrandsdalen er ein del av eit samarbeid mellom gardar som alle tilbyr overnatting, mat og opplevingar med eit sterkt fokus på kvalitet.  Sammen heiter vi Kulturgardar i Gudbrandsalen.  Her kan du bu i gamle, freda og verneverdige bygningar – sove i himmelsenger, bu på stabbur og loft – spise god mat. Her er gardshistoria og tradisjon ført vidare gjennom generasjonar.  Og alle ynskjer vi å gje deg «oppleivinga du aldri gløymer»

Tilstadeverande vertskap

Gardsmat med nye og gamle tradisjonar
Kulturhistoriske miljø

Gardshotella tek imot individuelle reisande eller grupper. Vi har og kurs- og konferansetilbod, og samarbeider om å gje gjestane våre gode opplevingar. Vi legg vekt på kvalitet og eigenart, og skreddersyr opphald.

Matopplevinga er ein viktig del av opphaldet og er i stor grad basert på råvarer frå lokale produsentar og/eller er økologiske produkt.  Nokon av gardane tilbyr rom og frukost, andre tilbyr middag for enkeltreisande og selskaper.  Sjå presentasjonen av dei ulike gardane.

Klikk her for å legge deg til Kulturgardar i Gudbrandsdalens nyheitsbrevliste, og få informasjon frå både Gardmillom og Gardshotell i Gudbrandsdalen.