“Det var ein gong – og det er framleis ein dal. Det var her i Gudbrandsdalen Asbjørnsen og Moe samla inn og fekk inspirasjon til mange av sine folkeeventyr. Det var her ferdakaren kom til gards og møtte gilde tømmerbygningar og kunne sjå utover dei sju blånar.”
Gardshotell i Gudbrandsdalen tilbyr overnatting, servering og opplevingar på Brimi Sæter i Lom, Valbjør, Helle, Blessom i Vågå, Nordre Ekre Gård i Heidal og Sygard Grytting på Sør-Fron. Dei unike gardane har alle sine spesialitetar og særpreg, du finner informasjon om den enkelte garden i listen til høgre.
Fleire av gardane er og med på å arrangere kulturfestivalen Gardmillom sist i juli kvar sommar, hvor du kan oppleva konsertar, mat og konsertar, ope gard med gardsrestaurant og gardsbutikkar, kunstutstillingar, dyr å klappe for ungar og mykje meir som skjer. Her er gardshistoria og tradisjon ført vidare gjennom generasjonar. Og alle ynskjer vi å gje deg «opplevinga du aldri gløymer», enten det er under Gardmillom eller eit anna opphald på ein av gardane i Gardshotell i Gudbrandsdalen. Velkome!









